Vedtekter

Vedtekter for Frøyland barnehage AS, gjeldende fra 1.3.22

 

VEDTEKTER FOR FRØYLAND BARNEHAGE

 

1.              Eigar

Eigaren er Frøyland barnehage, datterselskap av NLM-Barnehagene AS, som er

underlagt Norsk Luthersk Misjonssamband. Styret for aksjeselskapet er ansvarleg organ for barnehagen, og det organet som representerer eigar. Eigar kan ikkje hente utbytte frå barnehagedrifta.  

 

2.         Formål

            a) Barnehagelovens formålsparagraf

Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen ivareta barnas behov for omsorg og leik, og fremje læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Barnehagen skal byggje på grunnleggjande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, åndsfridom, nestekjærleik, tilgjeving, likeverd og solidaritet. Desse verdiane kjem til uttrykk i ulike religionar og livssyn, og er forankra i menneskerettighetane.

 

Barna skal få utfalde skaparglede, undring og utforskertrang. Dei skal lære å ta vare på seg sjølv, kvarandre og naturen. Barna skal utvikle grunnleggjande kunnskapar og ferdigheiter. Dei skal ha rett til medverknad tilpassa alder og føresetnadar.

 

Barnehagen skal møte barna med tillit og respekt, og anerkjenne barndommens eigenverd. Den skal bidra til trivsel og glede i leik og læring, og være ein utfordrande og trygg stad for fellesskap og venskap. Barnehagen skal fremje demokrati og likestilling og motarbeide alle former for diskriminering.

 

            b) Eigars formål for barnehagen

            Barnehagen skal i samarbeid, og i nær forståing med heimen gje barna kristen oppdraging i eit godt og trygt miljø. Arbeidet med leik, læring og sosial kompetanse skal samla bidra til barnas allsidige utvikling. Våre verdiar skal visa ansvar og omsorg for menneske rundt oss, både lokalt, nasjonalt og globalt.

 

3.         Forvaltning av barnehagen

Kristen tru, etikk og menneskesyn skal være grunnlaget for alt som barnehagen føretar seg. Barne­hagens vedtekter og årsplan skal byggje på same grunnvoll og være med i grunnlaget for drifta av barnehagen.

Barnehagen blir drive i samsvar med Den Norske Kyrkja sine vedkjenningsskrifter, Lov nr 064 av 17. juni 2005 om barnehagar og forskrifter til lova, rammeplan for barnehagar, og dei forskrif­ter og retningslinjer som departementet til ei kvar tid fastset. I samsvar med barnehage­lovas § 1a andre ledd, blir barnehagen drive med eit kristent formål.

4.         Avtale om drift

Barnehagen mottar driftstilskot frå Time kommune.

 

5.         Opptak av barn

            Etter barnehagelovas § 17 skal alle godkjente barnehagar i kommunen samarbeide om opp­tak av barn. Kommunen skal leggje til rette for ein samordna opptaksprosess, der det tas omsyn til barnehagenes mangfald og eigenart.

 

·       Opptaksmyndighet

Dagleg leiar føretek opptak av barn i barnehagen etter kommunens samordna opptak.

 

 

 

 

 

 

 

·       Opptakskrets

Barn frå heile kommunen, med barn med lovfesta rett til barnehageplass, kan søkje opptak i barnehagen dersom dei er minimum 10 månader ved oppstart i barnehagen, jfr. Barnehagelova §17. Søknadsfrist er 1. mars. Om barnehagen har ledige plasser etter at samordna opptak er gjennomført, kan barn frå andre kommunar søkje om plass.

 

Tilbod: Barnehagen har følgjande heildagstilbod: 100 % plass - 5 dagar i veka.

Dersom det er ledig kapasitet i løpet av barnehageåret kan ein gje tilbod om 3 eller 4 dagars plass ut gjeldane barnehageår.

 

Barn som har redusert plass per august 2020 vil ha rett på denne plassen så lengje dei går i barnehagen.

 

·       Opptakskriterier 

 

Ved opptak blir det prioritert slik:

 

1.     Barn med nedsett funksjonsevne jfr. Barnehagelova §18, og barn som det er fatta vedtak om etter lov om barneverntjenester §§4-12 og 4-4 andre og fjerde ledd 

 

2.     Barn frå familiar som har store belastningar på grunn av alvorleg sjukdom og/eller nedsett funksjonsevne. Søknad skal sendast til Time kommune og dokumenterast med skriftleg anbefaling frå PPT, lege, helsesjukepleiar eller barnevern.

 

3.     Barnehagen kan nytta 2 personalplassar. Eigar står for opptaket.

            Dei plassane som ikkje nyttast inngår i ordinært opptak.  

 

4.     Søsken av barn som har plass i barnehagen, og som fortset i barnehagen

 

 

5.     Barn som skal gå siste året i barnehage før skulestart, og som ikkje har barnehage eller som ikkje har plass i sin skulekrets.

 

 6. Tilstrebe ein hensiktsmessig alderssammensetting og sikre ei forsvarleg drift. Øvrige barn tildeles plass etter fødselsdato.

 

 

 

·       Opptakets lengde

Tilbod om barnehageplass gjeld frå opptaksdato, angitt i brev med tilbod om barnehage­plass, og fram til 31.7 det året barnet fyller 6 år. Det vil være mogeleg for foreldre å søkje om å forlengje barnehageåret for 6 åringen til 15.08 ved behov. Søknad må sendast barnehagen innan 15.04.

 

·       Opptakstidspunkt og oppseiingsfrist

Opptak av barn skjer heile året, men hovudsakleg ved samordna opptaksprosess. Dagleg leiar kan, etter kommunale opptaksreglar, tilby barnehageplass utanom hovudopptak.

 

Oppseiing skal være skriftleg. Gjensidig oppseiingstid av barnehageplass er 2 månadar, rekna frå den 1. i kvar månad. Oppseiing frå barnehagen krev sakleg grunn. Oppseiing frå foreldre/føresette etter 1. april, medfører plikt til å betale foreldrebetaling ut barne­hageåret, så sant barne­hagen ikkje får inn eit nytt barn i oppseiingsperioden. Oppseiingstida gjeld også for barn som det er takka ja til plass for, men der foreldre/føresette ombestemmer seg.

Vert plassen til ein 6 åring sagt opp etter 1. april må det betales til 31.juli.

 

·       Klageåtgang

Ved hovudopptak kan søkjer klage over avslag på søknad om barnehageplass og på av­slag om å få sitt første eller andre ynskje oppfylt.

Utanom hovudopptak kan bare søkjarar til barnehagen med lovfesta rett til prioritet etter barnehagelovas § 12 klage dersom dei ikkje får plass.

Alle klager må framsetjast skriftleg til kommunen og må nemne kva avgjerd det klagast på, og dei grunner som klagen støtter seg til. 

Reglane for klageåtgang finnes i Forskrift om saksbehandlingsregler ved opptak i barne­hage, forskrift 2005-12-16 nr. 1477

 

6.       Foreldrebetaling

            Barnehagen fylgjer statens bestemmingar om foreldrebetaling, så lenge stat og kommune fylgjer opp bestem­minga om likebehandling i barnehagelova § 20. Barnehagen fylgjer kommunen sine satsar for søskenmoderasjon, og foreldre betaler for 11 månader i året. Kostpengar kjem i tillegg til foreldrebetaling.

 

7.       Mishald

Om betaling for barnehageplass ikkje er mottatt i løpet av den månaden betalinga gjeld for, vil foreldre/føresette motta ein purreinkasso. Blir heller ikkje denne betalt innan 14 dagar, går saka til inkasso.

 

Om det skyldast foreldrebetaling for meir enn 1 månad, har barnehagen rett til å sei opp barnehageplassen. Dette gjeld også når barn gjentatte gonger blir henta etter at avtalt opphaldstid er overskride.

 

8.       Arealutnytting

            Barnehagen har eit samla leike- og opphaldsareal på 481 m2,  og fylgjer kommunens norm for arealutnytting på 5,3 m² per barn under 3 år og 4 m² per barn over 3 år.

 

9.       Opningstider og ferieordning

            9.1

            - Nytt barnehageår startar 15.08. 

            - Opningstida er frå kl. 0700 til kl. 1630 måndag til fredag.

            - Barnehagen er open 11 månadar, og 2 veker i året.

            - Barnehagen er feriestengt dei to siste vekene i juli jamfør Time kommune sin skule- og barnehagerute.

            - Barnehagen har 5 planleggingsdagar i året, barnehagen er då stengt.

            - Julaftan, nyttårsaftan, og onsdag før skjærtorsdag er barnehagen stengt.

           

            9.2

            - Barna skal ha minst 5 vekers ferie i løpet av eit barnehageår.

            - 3 ferieveker skal være samanhengande i perioden 15.06. til 15.08.

            - For 6 åringar må 3 ferieveker være samanhengjande i perioden 15.juni – 31.juli.                            - Planleggingsdagane kan reknast som ferie.

            - Føresette må gje beskjed om barnets sommarferie innan 01.04.

            - Om barnet skal ha fri utanom allereie fastsatt ferie, og det skal reknast som ferie,

               må barnehagen ha beskjed i god tid (minimum to veker før).

 

             9.3

             - Maksimal opphaldstid i barnehagen per dag er 9 timer.

 

 

 

 

 

 

 

10.      Foreldreråd

            Barnehagen skal ha eit foreldreråd, Jfr. Barnehagelova § 4, som representerer alle for­eldr­e/

føre­sette til barna i barnehagen. Foreldrerådet skal fremje deira felles interesser og bidra til at samarbeidet mellom barnehagen og foreldregruppa skaper eit godt barnehagemiljø. Forel­drerådet kan ta initiativ til dugnader i barnehagen og hjelpe til med å gjennomføre disse. Foreldrerådet vel sjølv leiar og sekretær. Dei er foreldrenes representantar i SU.

 

 

11.     Samarbeidsutval

            Barnehagen skal ha eit samarbeidsutval (SU), Jfr. Barnehagelova § 4, som skal være eit rådgjevande, kontaktskapande og samordnande organ. Det består av foreldre/føresette og an­satte i barnehagen, slik at kvar gruppe er likt representert.  Barnehagens eigar kan delta etter eige ynskje, men ikkje med fleire representantar enn kvar av dei andre gruppene.

Eigars representantar vel ein for 2 år, dei øvrige for 1 år.

 

            Dagleg leiar i barnehagen er samarbeidsutvalets sekretær, forbereder sakene, set opp sak­sliste og kallar inn til møte i samråd med leiar i SU.

 

            Samarbeidsutvalet skal bli informert om saker og har rett til å uttale seg i saker som er av viktighet for barnehagens innhald, verksemd og forholdet til foreldra og føresette. Dei skal få informasjon om budsjett og rekneskap. Saker som omhandlar tilsetjingar, opptak av barn og liknande skal ikkje behandlast av samarbeidsutvalet.

 

12.      Dugnad

            Foreldre/føresette som nyttar barnehageplass, vert oppmoda til å delta på minimum 1 dugnad per barnehageår arrangert av barnehagen og foreldrerådet. 

 

 

13.      Internkontroll

            Barnehagen skal foreta internkontroll etter gjeldande regler og forskrifter jfr. barnehagelova § 9. Det vises til HMS-dokumenta frå Private Barnehagers Landsforbund (PBL) for dokumentasjon av barnehagens internkontroll.

 

14.      Ansvar

            Barnehagen teiknar ulykkeforsikring for barn som har fått plass i barnehagen. Dette er ei heildøgnforsikring. Dekninga er per tiden kr. 500.000 ved medisinsk inva­liditet og 1G ved død.

Barna er forsikra gjennom IF.

 

 

15.      Iverksetting og endringar

           

Vedtektene er for FRØYLAND BARNEHAGE AS, og er gjel­dande frå 22.02.23